Korleis lage podkast?

Vi har funne oppskrifta du treng for å lage ein god podkast!

Dei siste åra har podkast fått aukande popularitet, og med god grunn. Mennesker som tek lydopptak av interessante samtaler med ulike tema kan vere svært spennande, medan nokre kanskje ikkje er fullt så spennande, sjølv om dei ynskjer å vere det. Men frykt ikkje, vi har snakka med podkastarane Sofie og Elisabeth og funne oppskrifta på ein god og spennande podkast!!

  1. Finn eit tema du likar. Bestem deg for sjanger, anten humor, konspirasjon, fagleg eller noko anna som interesserer deg.
  2. Lag ein mal med stikk (dette er dei ulike delane i ein podkast.)
  3. Få tak i utstyr: ein lydopptakar på mobil fungerar fint for nybegynnarar, seinare kan ein velgje å gå over til bærbar lydopptaker eller eventuelt eit lydstudio. Her kan ein søke på ulike fond for å få støtte.
  4. Start opptaket og prat fritt. Skap god flyt i samtalen.
  5. Lytt gjennom opptaket, rediger det og fjern unødvendige ting eller delar som vart feil.
  6. Finn ein plattform å publisere gjennom, for eksempel gjennom pippa eller Acast. Vent på godkjenning.
  7. Del podkasten i media og skaff oppmerksomheit.

Sofie og Elisabeth står bak podkasten «Brekk et bein» og er skodespelarstudentar. Dei starta podkasten i mars og har sidan dette fått mykje positiv omtale i media. På festivalen skal dei ha live-innspeling av podkasten sin for fyrste gong.

Til slutt har dei nokre viktige bonustips:

  1. Ha det gøy!
  2. Om du står fast, bruk google.
  3. Snakk om eit tema du brenn for.
  4. Just do it, det er enklare enn det verkar.

Lykke til!!

Tekst
Foto