Innblikk i teknikkjungelen

Eit djupdykk inn i det aller heilagste og ufrivillig hemmelegaste i UKM Media.

Varm luft treff andletet i det eg går inn døra. Etter Framsyning 5 tek eg turen inn på «bakrommet», der alt skjer. Stemninga er til å ta og føle på. Atmosfæren her er ein seriøs kontrast til livet på scena. Fleire deltakarar sit samla på gulvet i ein ring og diskuterar no korleis deira fleirkameraproduksjon kan bli betre. Dei fleste er unge produsentar, som alle vil gje publikum den beste opplevinga.

Møtet løysast opp og stemninga endrar seg drastisk. Dei applauderer og går kvar sin veg. Vi treffer på ein smilande Benjamin til intervju om kva som verkeleg foregår på dette mystiske og lite omtalte rommet.

Benjamin Sandsmark (17) frå Vestfold er ein av deltakarane i UKM Media, kvar han hovudsakleg jobbar som kameraoperatør.

Kvar er vi og kva skjer her?

– Akkurat no vi på roterommet. Her skjer alt frå regi av alle storskjermane til livesendinga. I tillegg held vi i produksjonen styr på alle videofilmane som blir vist for publikum før kvart innslag. Ein kallar dette kontrollrommet, seier Benjamin med latter i augo.

Her kan ein sjå nokre ivrige arbeidarar i fleirkameraproduksjonen.

Om det er mykje kontroll på det såkalla kontrollrommet, kan diskuterast. Lange samt tjukke leidningar heng frå taket og kameraer ligg her og der. Seriøse leiarar og arbeidsvillige går inn og ut av dørene. På borda flyt det av alt frå datamaskiner til halvtomme drikkeflasker.

Kanskje det finst system i rotet?

Har de bruk for alt dette?

Benjamin tenkjer seg om før han svarer at alt utstyret er nyttig og trengst. Det er forståelig at ein sjølv byrjar å lure med tanke på kor mykje som er her. Under festivalen jobbar han som kameraoperatør, med kamera fire. Dette er eit handheldt kamera som han tek opptak med under framsyningar, og oftast spring han framføre scena. Likevel har han full kontroll på kva resten av utstyret blir brukt til samt korleis.

Han tek oss med på ein runde og introduserer mykje spennande teknologi.

Benjamin viser regi-bordet, eit av arbeidsområda til deltakarane.

Mediedeltakarane fordeler dei ulike oppgåvene mellom seg. Dei fleste jobbar med fleirkameraproduksjon, som vil seie TV-produksjon av underhaldninga og framsyningane. Dette gjer UKM Media for at alle innslag skal verte filma og live-streama ut på nettstaden til UKM Norge.

Den omtalte prosessen er delt inn i tre fasar. Det må planleggast nøye korleis framsyningane skal vere og kva som skal visast på skjermane, med ei prøvesending. Alt av lys, lyd og bilete må stemme med kva som skjer på scena til ein kvar tid. Etter dette er dei klare til livesendinga, i den andre fasen. Til slutt skal heile framsyninga sorterast, delast opp og publiserast til UKMs nettsider.

Kva skjer om noko går gale?

Det er ingen tvil om at det er mykje å halde styr på og utstyr å handtere både i og utanfor roterommet når det gjeld fleirkameraproduksjonen. Vi spør Benjamin om kva som eigentleg kan gå galt.

– Alt, ler han. Vi kan for eksempel få kamera som overoppheitast slik at dei slår seg av, og det liker vi ikkje.

Eit av kameraene som blir nytta i løpet av festivalen.

Har det skjedd under festivalen?

– Det skjedde akkurat, med mitt kamera. Det gjekk ned under dei to siste innslaga. Då var det ikkje mange kamera igjen som filma. Også etter ti minutt gjekk faktisk teknikken til det andre handheldte kameraet vårt, som vil seie at til og med det slutta å fungere, seier han med eit glis.

Det verste som kan skje er heldigvis ikkje at kameraene skrur seg av, meiner Benjamin. Om headsetta/»intercommen» – som er kommunikasjonen blant fleirkameracrewet – går ned eller stopper å fungere, slit dei endå meir. Han fortel at dette skjedde på den første framsyninga. Då måtte vegleiarane trå til med naudløysingar som ørepropping og analoge signal til kommunikasjon. Lettare sagt walkie talkies.

Litt stress, men mest gøy!

Trass i lange arbeidsdagar og mykje jobb er det ingen tvil om at det har vore kjekt som medlem i fleirkameragruppa. Dette har vore Benjamin sitt aller første år på UKM, og hans oppleving og møte med festivalen har vore fantastisk.

– Det har vore heilt nydelig. Fridommen til å kunne uttrykke seg sjølv på forskjellige måtar har vore enorm. Vegleiarane her er dyktige og gjev oss god opplæring og hjelp til når det trengs. Dei gjev oss også ansvaret slik at vi lærer å stå på eigne bein, fortel han.

Mediedeltakeren held fram med å skildre kor fint opphaldet har vore. Sjølv om han for det meste har jobba under festivalen og i kontrollrommet, er han svært glad for at han deltok. Han har jobba saman med ein kjekk gjeng med flotte menneske og med dei har han trivast godt.

Det høyres ut som at du ikkje angra eit sekund. Kjem du tilbake neste år?

-Ja, gjerne! Eg kjem heilt klart til å melde meg på neste år og eg håper eg kjem meg tilbake til festivalen igjen, svarar han ivrig.

Trym Braathen
Foto
Eva By Vikøren
Tekst