Festivalmote, UKM edition!

Under UKM-festivalen dukkar det opp mange forskjellige klesstilar, nokre er gjengangarar og somme heilt unike outfits!

Ein klar gjenganger under festivalen er selvfølgjeleg UKM-merch. Med både klede, rumpetasker/fanny-packs og korthaldarar er det veldig populært. Ellers har spreke fargar prega UKM-Festivalen.

Årets motetrend for UKM-festivalen er:

Dongerijakke!

Eit av dei mest unike antrekka vi fant var:

Amelia Gòmes Snerte er ikkje vanskeleg å få auge på med sin særegne og fargerike stil. Ho stilte og opp for intervju om festival-mote oppe i bestemor-kroken.

Fargerik!

Kva synes du om årets festival-mote?

-Eg synes det er veldig stor variasjon og vi er innom heile fargespekteret, vi er og innom både pysjamasar, merch og «koseklede.»

Har du merka deg nokre spesielle stilar?

-Mange er kledde litt rocka, ikkje emo og ikkje heilt streetart-stil. Stilen er veldig Cubus/Hm.

Når Amelia vert spurt om sitt favorittplagg får ho store auger og må tenkje seg om. Ho klarer ikkje velgje mellom kleda sine, men av det ho har på seg er den gule buksa ein favoritt.

Har du nokre klede som du føler bidreg til festivalmoten?

-Alle klede bidreg vel, alle er jo med på å skape det som er trendy eller unikt.

Ho trur og at Fanny packs, slippers og hettegensar er dei mest populære plagga.

Ein bør kunne kle seg «extra» kvar dag!

-Amelia Gòmes Snerte, Konferansier

Kva likar du ikkje med årets festival-mote?

-Eg trur mange har med klede dei ikkje tørr bruke, alle sklir inn i hettegensarar og følgjer straumen. Det er domt at folk har kleder dei vil bruke men som dei ikkje tørr å bruke.

Ein kan trykt seie at under UKM festivalen er det mykje rom for å uttrykke seg ved hjelp av klede og sminke m/meir.