-Fake it till you make it!

Lydia håndhilser på kvar person som kjem inn i rommet. Ho ser alle inn i auga og smiler bredt. Alle skal bli sett, for då ser alle på deg.

Tekst: Eva By Vikøren
Foto: Jon Petter Wiig

Lydia Gieselmann (25) er programleiar for NRKs Newton, og idag er ho på festivalen for å leie workshop. Den er om korleis å vere programleiar og konferansier. Etter at vi har håndhilst på programleiaren, skal vi presentere kven vi er, og kvifor vi valde akkurat denne workshopen. Deltakarane sit i ein sirkel og ein ser både ivrige, spente samt nervøse ungdommar.

Lydia Gieselmann

Fleire av deltakarane har gleda seg spesielt mykje til å møte Lydia, og ei jente klarer ikkje slutte å smile når ho fortel kvifor ho er på workshopen.

-Eg synast at å stå på ein scene og formidle noko til eit publikum er kjempe gøy. Her vil eg gjerne lære meg korleis å bli bedre på akkurat det. I tillegg hørte eg at du Lydia skulle styre workshopen, so eg var ikkje i tvil!

Etter ein kjekk introduseringsrunde er Lydia i gong med å fortelje oss om korleis ein skal stå trygt på ein scene og korleis ein får kontakt med publikum. Vi stiller spørsmål undervegs.

Vi lurer på kvifor ho vart programleiar i Newton og korleis vegen dit har vore.

-På videregående gjekk eg musikklinja, og vidare tok eg bachelor i klesdesign. Etter dette har eg jobba eit år i nettmagasin, som Melk og Honning samt 730. Det var ganske tilfeldig at eg kom over ein utlyst stillingsannonse av Nrk, fortel Lydia.

– Det er viktig at ein hopper i det, og blir med når ein har sjangsen. Om ein ikkje veit kva ein vil bli, kan ein jo prøve ut ulike ting. Slik kan ein nå langt, fortset ho. Ho utfordrer oss til å tenkje på dette.

Nokon andre frå sirkelen rekkjer opp handa, og spør om korleis ein skal unngå å bli nervøs som konferansier eller programleiar. Lydia er rask og svarer.

-Fake it till you make it! Sjølv er eg ofte nervøs og spent før eg skal på ein scene eller spele inn ein video, men ein må berre gjere det. Late som at ein er sikker på kva ein gjer og det kjem seg etter kvart, svarar ho smilande.

Vil bli programleiar

Deltakarane Wahida Salifu (16) frå Oslo og Mona Ahmad Al-Hilal (17) frå Rogaland synast workshopen var særs lærerik og nyttig. Dei legg ikkje skjul på at dei har blitt inspirerte til å byrje å jobbe som programleiar eller konferansier.

Fra venstre: Mona Ahmad Al-Hilal, Wahida Salifu

– Eg fekk sjå korleis andre ville ha tatt konferansierjobben. I tillegg lærte eg mykje nytt frå Lydia og fekk stille spørsmål noko som var veldig kult, seier Wahida.

Ho deltek som ung arrangør og er konferansier på årets festival. Dette angrar ho ikkje på, og noko av det kjekkaste med arrangementet er at ho har blitt kjend so mange ulike mennesker.

Wahida fortel at ho var glad for å få svar på spørsmål ho har lurt på. Lydia svarte ho på korleis ein sjølv kan starte med å få konferansierjobber eller vere progamleiar. Ein må då vere på heile tida og jobbe med ein sjølve slik at ein blir betre.

Mona deltek også som konferansier og er veldig glad for at ho har fått sjansen til å delta. Ho fortel at ho synest det er veldig kjekt å snakke og tale for folk, og spesielt her sidan det er eit so stort publikum til stede.

Ho fortel litt om korleis ho trivast på festivalen.

– Eg likar meg veldig godt her. Samhaldet må vere det beste. Det er utrulig gøy å sjå alle dei flotte talentfulle menneska med ambisjonar og heile organisasjonen er kjempe bra. Det gjev oss unge moglegskapen til å vise fram kva vi kan både på scene og innan kunst.

Dei legg ikkje skjul på at UKM har klart å vekke ei kjensle og spenning med å forsetje å ta på seg konferansierjobbar vidare. Truleg har dei også verte inspirerte til å bli programleiarar.

-Eg trur kanskje eg har lyst å satse meir og ta på meg fleire slike konferansierjobbar. Har alltid synast det er kjekt å vere med, og håper eigentleg at framtida lar meg få jobbe meir med dette. Det verkar spennande å jobbe som programleiar og, so kanskje det, seier Wahida lurt.