Kva har du i baggen?

Nokre av dykk har gitt oss eit innblikk i bagasjen dykkar, og her er nokre av dei raraste og mest unike tinga vi fant!

Når ein skal ut å reise er der ikkje særleg mykje plass og ein må gjerne pakke praktisk for å få med det nødvendige.

Marius Arntsen (18) frå Sogn og Fjordane har ein litt uvanleg gjenstand med seg på årets festival, nemleg ein elsaksofon. På festivalen deltek han både med eit solo- og duoinnslag. Han skal spele altsaksofonen på begge framsyningane, og han hadde ingen planer om å nytte elsaksofonen i det heile tatt.

DELTEK FRÅ SOGN OG FJORDANE: F.v: Sigrid Høgseth Felde, Marius Arntsen og Bjørn Kristoffer Trydal Solheim, som spelar i duo saman med Marius. FOTO: Eva By Vikøren

Kvifor har du med elsaksofonen då?

– Eg skal reise til Oslo etter festivalen, for så å reise vidare til Granca. Då må eg ha noko å gjere på flyet og flyturen, seier Marius smilande.

Marius forklarar at elsaksofonen liknar ein blanding av ein vanleg saksofon og ein støvsugar. Lydane til elsaksofonen kan også justerast til å høyres som andre instrument, fortel han.

Han har lenge hatt interessa av saksofoner og han byrja tidleg med instrumentet.

-Eg har spelt saksofon i over ti år, og eg byrja for å irritere den eldre systera mi som også spelar saksofon.

FOTO: Eva By Vikøren

Snacks er viktig

Kirsti Sæternes (17) har pakka med seg fleire agurkar i bagasjen, som ho går å tygg på gjennom dagen!

– Eg treng jo snacks!

Det er ikkje vanlege store agurkar ho har pakka ned, men mindre agurkar som verkar eigna som snacks.

Kirsti er frå Nord-trøndelag og deltek med slam-poesi under UKM-festivalen. Ho angrar seg på at ho gløymde å ta med ei neglefil, men med butikkar i nærleiken har ho fått kjøpt seg ei ny.

Korleis pakkar du?

-Eg har ei liste over ting eg skal ha med. Så roter rundt på rommet mitt til eg finn det eg treng. Rydde får eg gjere når eg kjem heim!

FOTO: Trym Braathen

Ironisk bok

Sara Strandheim Forfod (18) lot oss grave i kofferten hennes. Der fant vi en liten notatbok med bilde av Kim K. på begge sider, halvnaken.

Så hvorfor i all verden har hun den med seg? Jo, nå skal du høre.

Sara har nemlig perlet bildet på boka, sammen med Nina Berkova, og det kan du se på kunstutstillingen. Hun kjøpte derfor blokka litt ironisk.

-Men den er kjekk også! Bruker den hele tiden, smiler hun. 

Eva By Vikøren
Tekst, Foto, Foto, Foto
Mona Våge
Tekst
Julie Sanne Andersen
Tekst
Trym Braathen
Foto