-Kjekt å bli kjent med nye mennesker på kunstutstilling!

Årets Kunstutstilling opna tirsdag, og med stor variasjon i kunstformer og fargebruk er årets utstilling mildt sagt fabelaktig!

I år er kunstutstillinga plassert ute i eit stort telt utanfor Kimen Kulturhus. Både deltakarar og lokale tok turen for å beundre verka!

Køa utanfor teltet var lang, men med god stemning og lettare forsyninger gjekk det fort! Når man kjem inn møter man både kunst og fleire av kunstnarane. Dei verkar spente og følgjer med på kommentarar som kjem frå publikum!

Innerst i teltet vart vi underholdt av live musikk, rolege mjuke tonar fylte teltet i takt med mumling og diskusjonar om ulike kunstverk.

Agnessa Pedersen (18) er ein av mange kunstnarar under festivalen og stiller ut teikninga «RAW II». Teikninga er inspirert av eige liv.

Ho er frå Østfold og dette er tredje gongen ho har deltatt på UKM både lokalt og på landsfestivalen!

– Det er veldig gøy her og det er kjekt å møte folk med same interesse!

Kva er det beste med UKM?

– Det sosiale må vere det beste med denne opplevinga, ein skapar minner for livet!

Beskriv festivalen med 3 ord !

– Sosialt, lærerikt og uforglemmelig!

Kor lenge har du dreve med teikning og kunst?

– Eg har holdt på sida eg var veldig liten, så lenge eg kan hugse!

UKM Media
Jon Petter Wiig
Foto